Framsida

Betal straumrekninga med eFaktura og AvtaleGiro. Enklare kan det ikkje gjerast

Klikk på bilete for full storleik

Med eFaktura får du rekninga di ferdig utfylt rett i nettbanken i staden for i posten. Dermed slepp du å tasta inn lange KID- og kontonummer når du skal betala. Beløp og forfallsdato kan endrast, og du vel sjølv om og når du vil godkjenna eFakturaen i nettbanken.

Sei Ja, takk!

Etter å ha betalt ei rekning i nettbanken din, vil du ofte få spørsmål om du ynskjer å ta i bruk eFaktura. Då er det berre å sei ja, takk, så vil du få neste rekning tilsendt som eFaktura.

Registrer deg sjølv

Når du skal registrera nye eFaktura-avtalar i nettbanken, treng du ein eFakturareferanse. Den finn du på siste straumrekninga. Logg deg på nettbanken, finn fram til eFaktura, og registrer avtalen.

eFaktura og AvtaleGiro - enklast og best!

Den enklaste og beste løysinga er å kombinera AvtaleGiro med eFaktura.

AvtaleGiro gir deg følgjande fordelar:

  • Du blir varsla minst 7 dagar før forfall
    – då har du full kontroll med rekningane dine.
  • Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall
    – då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken.
  • Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta
    – då får du god oversikt.

For å koma i gang med AvtaleGiro, - kontakt banken din. Les meir om dette her:

eFaktura

 
 
 
  Tilbake

 
Fjelberg Kraftlag - Bjoanesvegen 69 - 5454 Sæbøvik - Telefon: 483 18 780 - Feilmelding: 975 65 060 - firmapost@nett.fjelberg-kraftlag.no
Sidekart
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS