Framsida

Erstatning etter langvarig straumbrot

 

NVE har innført ei ordning med direkte utbetaling til nettkundar ved svært
langvarige avbrot i straumforsyninga, det vil sei over 12 timar.

Satsane er som følgjer:

a) kr. 600 for avbrot over 12 timer opp til og med 24 timer,

b) kr. 1400 for avbrot over 24 timer opp til og med 48 timer

c) kr. 2700 for avbrot over 48 timer opp til og med 72 timer.

For avbrot ut over 72 timer skal det gjevast et tillegg på kr. 1300 for kvar ny påbegynt tjuefiretimars periode som avbrotet varer.

 

Under langvarige avbrot og ved arbeid med oppretting av normal straumforsyning, vil kunden kunne oppleva korte periodar med normal forsyning. Fleire påfølgjande avbrot vert rekna som samanhengjande om ikkje normal forsyning vert oppretthalde i minimum to timar samanhengjande.

Nettkunden må fremja eit krav innan rimeleg tid etter at normal forsyning vart gjenoppretta. For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstiga årleg forventa nettleige.Skjema for slikt erstatningskrav finn du her: Skjema for erstatningskrav.

 
 
 
  Tilbake

 
Fjelberg Kraftlag - Bjoanesvegen 69 - 5454 Sæbøvik - Telefon: 483 18 780 - Feilmelding: 975 65 060 - firmapost@nett.fjelberg-kraftlag.no
Sidekart
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS