Framsida

Medlem i kraflaget? Det lønar seg!

Fjelberg Kraftlag er organisert som eit samvirke (SA). Ei førsetnad for eit slikt selskap er at det er handel mellom medlemet og laget.
Alle personar som er fastbuande, eller organisasjonar med forretningsadresse i Fjelberg Kraftlag sitt forsyningsområde, og som kjøper varer eller tenester frå laget, kan vera medlem. Som medlem i samvirket får du rett til å ta del i styringa av selskapet og du får også del i selskapet sitt årsoverskot i form av kjøpeutbytte.
 

Kva vil det så sei å vera medlem i Fjelberg Kraftlag? Kortfatta informasjon om dette finn du her:

Informasjonsbrosjyre om medlemsskap

 

Ynskjer du å vita meir om reglar for medlemskap, og dei retter og plikter som følgjer med, finn du i selskapet sine vedtekter her:
Vedtekter for Fjelberg Kraftlag SA

 

- eller du kan finna lova som er grunnlaget for våre vedtekter her:

Samvirkelova

 

Korleis bli medlem?

Dei som var parteigarar etter dei gamle vedtektene er gått over til å vera medlemer i laget og treng ikkje å melda seg inn på nytt. Men nye nettkundar som kjem til, og som stettar krava til medlemsskap, må søkja om å bli medlem. ved innmelding skal det betalast eit medlemsinnskot på kr. 500,- som vert tilbakebetalt ved evt. utmelding.

Ynskjer du å bli medlem finn du søknadsskjema her:

Søknad om medlemskap i Fjelberg Kraftlag SA

 
 
 
  Tilbake

 
Fjelberg Kraftlag - Bjoanesvegen 69 - 5454 Sæbøvik - Telefon: 483 18 780 - Feilmelding: 975 65 060 - firmapost@nett.fjelberg-kraftlag.no
Sidekart
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS