Framsida

Feilsøking av jordfeil


Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisere feilen ved å gå gjennom punkta under:
 

1.    Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

2.    Slå inn igjen jordfeilbrytaren.

3.    Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.

       Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.

4.    Slå av/skru ut den kursen som det er feil på.

5.    Kopla jordfeilbrytaren inn att.

6.    Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen.

7.    Slå på /skru inn sikringen igjen.

8.    Dersom jordfeilbrytaren forsatt koplar ut, kontakt godkjent installatør.

9.    Dersom jordfeilbrytaren ikkje koplar ut: Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

 

For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør.

 

Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta godkjent elinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

 
 
 
  Tilbake

 
Fjelberg Kraftlag - Bjoanesvegen 69 - 5454 Sæbøvik - Telefon: 483 18 780 - Feilmelding: 975 65 060 - firmapost@nett.fjelberg-kraftlag.no
Sidekart
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS